Velkomen
Dette er nettsidane til Storebø Legekontor. Her finn du informasjon om oss. Du er velkommen til å ta kontakt med oss på SMS, via nettsiden og på telefon.
Storebø Legekontor er lokalisert på Kommunehuset på Storebø. Vi tar i mot pasientar som står på våre fastlegelister til vanlege timar. I tillegg kan alle som oppheld seg i nærområdet ta kontakt ved skadar eller akutt behov for legehjelp på dagtid.
Vi har daglegevakt / time på dagen for de som treng det av medisinske grunnar. Men då ynskjer vi at du ikkje sendar sms eller tingar på nett, men tar kontakt med oss på telefon 55081600. Då er vi sikre på at du får rett hjelp til rett tid.
Vi gjer merksam på at våre legar er i beredskap og må rykkje ut ved ulykkar og akutt sjukdom. Det vil då kunne bli nokre forseinkingar eller avlysingar. Vi vil freista å varsle de som har time viss mogleg. Vi ber om forståing for dette
Vi håpar du vil trivast som pasient hos oss.
Viktig informasjon
12. april 2012 kl. 10:35
Er du russ 2012?
Folkehelseinstituttet har anbefala alle som skal delta ved store Russearrangement i år å vaksinere seg mot smittsam hjernehinnebetennelse. Ein må betale vaksinen sjølv, det kostar 500kr. Dersom du er i Austevoll og ynskjer vaksinen, kontakt Austevoll Helsestasjon på telefon 55081000 for avtale.
9. februar 2012 kl. 14:04
Frikort for 2012
Vi gjer merksom på at egenandelstaket på frikort for 2012 er 1980 kroner. Egenandelane vert registrert automatisk hos Helfo, og du får tilsendt frikort når du kjem opp i beløpet. Du må vise frikortet når du kjem på legekontoret, eller ha det klart så du kan lese opp nummeret til oss viss du tingar medisinar på telefon.
9. februar 2012 kl. 14:00
Blodprøve utan time hos legen
Ein del av våre pasientar har avtale om å ta blodprøvar utan at dei skal til legen samtidig. Har du slik avtale, for eksempel for å ta inr eller at legen har kalla deg inn til blodprøvetaking, så gjer vi merksam på følgjande:
Det er lurt å ringe dagen før og avtale med legesekretæren. Ring på tlf 55081600. Då prøvar vi å fordele så det ikkje vert så mykje venting. Vi innførar nå kølappsystem slik at vi sikrar at ikkje du vert gløymt. Trekk då ein kølapp og kom på laboratoriet når det vært din tur. Vi tar helst ikkje blodprøvar om fredagene. Obs og at vi har lunsj mellom 12 og 1230.
Har du ikkje avtale med fastlegen din om kva for prøvar du skal ta, så må du bestille time hos fastlegen før du kan få ta blodprøver.
Vi håper dette vil gi kortere ventetid og bedre service til våre faste pasientar.
10. mai 2011 kl. 10:54
Se opp for flått
Nå er det mykje handtikke/flått i Austevoll. her kjem difor nokre råd.
Flåtten er eit lite edderkoppdyr som lev på buskar og tre. han er avhengig av å suge blod for å utvikle seg. Når han kjenner pusten til dyr eller menneske så hoppar han på dei. han kryp ofte til der det er lettast å få tak i blod. Difor finn vi ofte flått bak øyra, i lysken, i armhola eller på halsen. Flåtten er ikkje farleg i seg sjølv. Men han kan ta med seg sjukdommer
Flåttboren hjernebetennelse er eine sjukdommen. Den finnast ikkje i Austevoll, og er lite utbreidd i Noreg. Det er denne sjukdommen ein kan få vaksine mot, men det er ikkje naudsynt i Noreg eller ved vanlege feriereisar. Einskilde kan ha behov for vaksine, til dømes om ein drivar orientering. Ta kontakt med fastlegen din for råd
Borreliose. Det er ein sjukdom som me ser fleire tilfelle av i Austevoll kvart år. Denne skal ein vere merksam på. om det kjem raud ring meir enn 5cm etter flåttbitt, om ein får tegn til stor opphovning av lymfekjertel, om ein får alvorlig hovudpine med nakkestivheit eller det kjem lammelse i ansiktet så skal ein straks ta kontakt med lege.
Ein tilrår at flåtten fjernast med ein gong den er oppdaga. Sjekk gjerne ungane kvar kveld om dei leikar mykje i skogen. En treng ikkje oppsøka lege om det sitter litt igjen av flåtten etter fjerning, eller om det blir lett rødhet mindre enn 5 cm diameter omkring flåttbittet. Å fjerne vegetasjon som bregner og hasseltre fra stiene der ein går er ein god foebygging, då flåtten ikkje kan hoppe meir enn ca 1,5 meter.
24. april 2011 kl. 13:56
Pollensesongen er i gong
Nå er pollensesongen i gong for fullt. Her er nokre råd til deg med pollenallergi
Du bør starta med medisin i god tid, gjerne 14 dagar før pollenet er venta. For dei med vanleg allergi med plagar fra auge og nase så er steroidhaldig nasespray fyrsteval for medisin. Då får ein effekt på nase og auge, men unngår biverknader som trøyttheit. Nasesprayen får ein på resept, og den skal tas berre ein gong om dagen. Viss ikkje det er nok kan ein bruke tablettar og augedråpar. Ta kontakt med legekontoret for å tinga medisin. Viss ein har brukt medisinar før så treng ein ikkje time, men viss du ikkje har brukt medisinar mot pollenallergi før så må du tinga time hos legen din. Om du har trong for allergimedisin meir enn 3 månader i året får du dei på blå resept, men dei fleste med pollenallergi brukar ikkje medisinar så lenge.
Andre gode råd mot pollen kan vere:
-ikkje henga sengeklær ute til tørk
-dusje og vaske håret når du kjem inn eller før du legg deg
-bruka solbriller for å minske mengd pollen på auga
-unngå å lufte med åpne glas og dører på dagar med fint ver
Se ellers www.naaf.no som er nettsida til astma- og allergiforbundet, dei har mykje godt stoff om pollenallergi.
God vår!
11. februar 2011 kl. 19:20
Velkommen til "nye" Storebø Legekontor
Vi på Storebø ynskjer å gi deg som vår pasient best mogleg service og oppfylgijng. Legekontoret har difor gått gjennom store forandringar den siste tida. Vi har styrka bemanninga og våre dyktige legesekretærar og legar er klar til å hjelpe deg. Vi har lagt vekt på betre tilgjenge. Derfor vil det være lettare å kome gjennom på telefon. Og vi har oppretta timebestilling og reseptbestilling på SMS og internett for deg som ynskjer det. Lokalane våre har fått ein litan ansiktslyfting, og vi håper dei vil stå fram som lyse og trivelege for deg. Vi vil gjerne ta i mot kommentarar, forslag, ris og ros som kan bidra til at din oppleving som pasient hos oss blir betre.
Helsing personalet ved Storebø legekontor.